søndag 23. august 2009

Jeg har en fin bok som jeg har med meg overalt, og som jeg skriver ned ting som gjør at jeg smiler. Idag fikk jeg det riktig så travelt, fordi jeg plutselig så et fint dikt på bussen -og så skulle jeg av om to stopp. Kanskje ett stopp til og med, så jeg ble mildt sagt stressa. Det skal jeg skrive en annen gang. Men idag skal jeg skrive noe jeg så på min favorittblogg (hjartesmil.blogg.no) og som hu har skrivi så fint.

eg har óg vore ulykkeleg
forelska. i fleire år. sjølv om
eg har det finaste som finst
akkurat no,

så hadde eg det ein gong
så vondt at eg trudde
hjartet mitt skulle implodera
og forsvinna. han gjekk i
klassen min frå fyrste klasse,
og i sjuande hadde eg vore
forelska i han i fire år.
eg har åtte dagbøker med
navnet hans skrive opp
og ned annakvar side,
og enda så fekk eg inga
merksemd av han i heile tatt.
for eg var den ukule
jenta som ingen eigentleg
ville leika med, og aldri
i verda om eg skulle innrømma
for nokon at eg var forelska.
eg kan telefonnummeret han
utanat enda. han var kompis
om han trengte pengar til
urge og skulebollar,
ellers vart et stort sett
ignorert og oversett.
ein gong hendte det
faktisk at han sa at
han ville vera kjærasten
min om han fekk femti kroner.
så fekk han femti kroner
og me var kjærestar i fem
minutt før han slo opp.
det var ikkje han, det var meg.
og eg klarar ikkje hugse
kvifor eg skulle vera så
forelska i han. kanskje at
han var så flink i geografi
eller at han var snillare
enn dei andre, eg veit ikkje,
men kjenslene var høgst reelle,
og eg hugsar at eg skreiv
i dagbøkene mine at om
me ikkje vart sammen,
så kunne eg likesågodt dø.

eg trur det er mange som
har det sånn, ikkje berre på
barneskulen men ellers óg.
eg har ei venninne som
er forelska i en gut som
ho aldri har snakka med,
og ho kjem aldri til å
snakka med han fordi
redsla for å bli avvist er
større enn ønsket om å
prata med han, og det
tykkjer eg er litt trist.
for tenk om han føler
det på akkurat same måte,
tenk kor fint dei kunne
hatt det. eller tenk kor
lett ho kunne ha
komme over han om
ho berre hadde funne ut.

men kanskje er det
noko i mennesket som
likar å fylla dagbøker
med sommarfuglar i
magen, og at det er
dei ein er redde for å mista.
at det er dei som gjer
kvardagen til sukkerspinn og
sjokoladesaus som gjer det
enklare å stå opp om morgonen.
og då gjer det vel ingenting
om ein er forelska i
daniel radcliffe enda.

Ingen kommentarer: